
Classical
Førjulskonsert med harpe og fiolin
Bli med på en magisk konsert med Duo Janse-Robak 4. desember 2025! Opplev vakre toner i Hjørnet, Kristiansund. Gleder oss til å se deg!
This event date has already taken place. Check the calendar for more available dates.
Storgata 7, 6509 Kristiansund, Norge
NOK 150
Description
Førjulskonsert med harpe og fiolin
Den norsk-nederlandske duoen Duo Janse-Robak oppstod for eit par år sidan etter nokre orkesterprosjekt der begge spelte. Det førte til ein liten turné i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane i fjor vår. Dette var noko dei gjerne vil halde fram med når dei er same stad til same tid. På konserten vil du få høyre vakre tonar frå to instrument som passar veldig godt ilag, men som merkeleg nok sjeldan er å høyre saman som duo.
Miranda Janse er frå Nederland. Ho held til dagleg til i Rotterdam og spelar konsertar i inn- og utland og har spelt med ulike orkester og ensemble i Nederland, Slovakia og Noreg både som orkestermusikar og som solist. Dei siste åra har ho fått fleire og fleire oppdrag i Noreg.
Øyvind Skatvedt Robak er fiolinist og bandoneónist som bur i Volda. Han har tango som spesialfelt i tillegg til klassisk musikk, men er ikkje framand for å prøve ut nye ting. Han har personleg og musikalsk bakgrunn frå Uruguay, (som saman med Argentina er der tangoen oppstod), og han vart utdanna i Trondheim og Paris, i tillegg til å ha gått i lære hjå fleire av dei største tangomusikarane i Argentina. Øyvind har hatt mange oppdrag i inn-og utland, og mellom anna spelt ei rekkje konsertar med tango og kammermusikk i Noreg, Uruguay, Argentina, Danmark, Tyskland, Frankrike mm. Dei seinare åra, etter han slo seg ned i Volda, har han vorte flittig nytta i regionen og spelar jamnleg i Operaen i Kristiansund, Opera Nordfjord og andre orkester i tillegg til ein god del kammermusikk i området.
Select date and time
| Mo | Tu | We | Th | Fr | Sa | Su |
|---|---|---|---|---|---|---|
Get More from Your Event Experience!
Create an account to save your favorite events, get personalized recommendations, and never miss out on exciting happenings in your area.




Want to be the first to know?
Follow our newsletter and get the latest news about events, exclusive discounts, and the chance to buy tickets in advance. Straight to your inbox!
