Musiikki
Josefin Winther med fullt band // Vesle kinn
Bli med på Josefin Winther's 20-årsjubileum 23. april i Vesle Kinn! Opplev magiske låter og en helaften med fullt band. Gleder oss til å se deg!
Strandgata 28, 6905 Florø, Norge
188 NOK
Kuvaus
Josefin Winther-jubileumsturné: To tiår som artist
Våren 2026 feirar Josefin Winther sitt tjueårsjubileum som artist. Ho fekk platekontrakt som 19-åring, og har sidan den gong spelt over 1000 konserter og gitt ut åtte studioalbum, fem EPar, eit titalls singlar og ei songbok. Ho har fleire A-lista radiosinglar under beltet, og gjorde også suksess som låtskrivar med Noregs vinnerlåtar i MGP i 2014. Ho har spelt konsertar i inn -og utland, og har tidligare vore basert i Reykjavik og London. Winther er ikkje mindre enn ein særeigen artist med stor produktivitet, av fleire kritikarar løfta fram som ein av landets sterkaste låtskrivarar. Jubileet markerast med at ho gir ut tre album i mars og drar på turné med fullt band i april. Dei tre albumutgjevingane demonstrerer det store spennet i Winthers musikalske register, og består av eit studioalbum med engelskspråklege poprock-låtar, eit norskspråkleg album spelt inn live i Tøyen kyrkje og eit greatest hits-album. På turneen har ho med seg eit knippe av landets ypparste musikarar, og byr på ein heilaften med låtar frå heile katalogen ho har bygd opp gjennom tjue år. I Winthers univers finn ein blant anna norske, engelske og islandske tekstar, det heilt nære på akustisk gitar, viser, pianoballadar, rockelåtar og grandiose gitarsoloar. Jubileumsturneen er ein av få mulegheitar til å oppleve Winther i fullt format, og 23. april kjem ho og bandet til Vesle Kinn.
Kritikarar om Josefin Winther:
*Selv på en kort utgivelse som dette får Winthers frem sine helt særegne kvaliteter som musiker og låtskriver.-Bergens Tidende (2020)“
*I en annen tid ville hun vært enten filosof eller hyllet poet”-Bergensmagasinet (2019)
*En av de sterkeste videoene vi har sett på lenge.-Ballade.no (2019)
*Josefin er en eksepsjonell låtskriver.-Bergens Tidende (2019) En av de sterkeste låtene i 2017.-Vårt land (2017)
*Stilsikker, personlig, gjennomarbeidet.-Dagbladet (2015)
*Etter Winther kommer vår.-VG (2014)
*******************************
For meir informasjon sjå www.josefinwinther.com
Dørene opnar 18.00
Konsertstart 20.00
Valitse päivämäärä ja aika
| ma | ti | ke | to | pe | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
Saa enemmän irti tapahtumaelämyksestäsi!
Luo tili tallentaaksesi suosikkitapahtumasi, saadaksesi henkilökohtaisia suosituksia ja pysyäksesi ajan tasalla alueesi jännittävistä tapahtumista.




Samankaltaiset tapahtumat
Haluatko tietää ensimmäisenä?
Tilaa uutiskirjeemme ja saat viimeisimmät tapahtumauutiset, eksklusiivisia alennuksia ja mahdollisuuden ostaa lippuja etukäteen. Suoraan sähköpostiisi!
